Meny Lukk

Prisar

Gullfluge-prisen

Gullfluge-prisen, tidlegare LangDok-prisen, delast ut til beste lange dokumentarfilm. Filmen må vere over 50 minutt, produsert av norske, profesjonelle filmskaparar. Vinnaren av prisen får flugepris og dekt ferd og opphald til neste års festival.

Forrige jury:

Mari Lome, ein av oppstarterane av Dokumentarkonventet, med erfaring frå blant anna Monster og Gullruten.
Åge Andre Breivik, medielærar ved Volda Vidaregåande Skule, journalist og tidlegare leiar av Dokfilm 2008.
Weronika Nitsch, filmskapar som blant annet blei nominert til Amanda-prisen i fjor, og tidlegare vinnar av dokfilm studentprisen og publikumsprisen.

Ildfluge-prisen

Ildfluge-prisen, tidlegare KortDok-prisen, delast ut til beste korte/mellomlange norske film, under 50 minutt. Vinnaren får dekt ferd og opphald under neste års festival.

Forrige jury:

Øystein Frøyland, fra PUFFIN media. Han har anna annet regissert og skrevet Maher midt i dalen.
Kristine Gausereide Jacobsen, regissør med erfaring fra Novemberfilm og NRK.
Thorvald Nilsen, produsent fra Screen Story og tidlegare leiar av DOKFILM 2013.

Nymfeprisen

Nymfeprisen, tidlegare StudentDok-prisen, delast ut til beste norske studentfilm. Vinnaren får pris og høve til å sitja i ein av juryane under neste års festival.

Forrige jury:

Jon Vatne, Filmskaper i Spætt film. Står blant anna bak: Personal velocity, Freewheelin´, Togrøvere.
Gunnar Schjelderup Strøm, tidligare forelesar ved institutt for Film og Animasjon ved Høgskulen i Volda.
Anita Vedå, Produsent og fotograf i Smau Media. Står blant anna bak: We will arrive tomorrow, Himmelen under havet.

Publikumsprisen

Alle filmane er med i konkurransen om publikumsprisen. Vinnaren vert røysta fram av publikum. Publikumsfavoritten får pris og høve til å sitja i ein av juryene under neste års festival.

Kjøp festivalpass

Med festivalpass får du tilgang til filmar, festar og mykje, mykje meir!