Meny Lukk

OM DOKFILM

Kva er Dokfilm?

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, eller Dokfilm som han heiter på morsmålet, er den største og eldste festivalen for norsk dokumentarfilm. Festivalen gjekk av stabelen for fyrste gong i 1997, og har sidan den gong vore eit arrangement der filmskaparar og publikum møtest kvar vår i vakre Volda. I år arrangerast festivalen onsdag 24. april til søndag 28. april.

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen har som målsetjing å syne det beste av norsk dokumentarfilm og å fremje unge filmskaparar. Vi ynskjer å vere ein boltreplass for norske dokumentarfilmfolk og at publikum skal få augo opp for kva norsk dokumentar har å by på. Fire prisar vert delt ut under festivalen – Beste lange dokumentar, beste korte/mellomlange dokumentar, beste studentproduksjon og publikumsprisen.

Under Dokfilm vert det også arrangert ulike seminar og aktivitetar. Vi har også ein eigen festivalkafé der du kan kjøpe frukost, lunsj og middag for ein billig penge og eit privat festivalområde med DokumenBar og utetelt der ein kan treffe andre besøkande i vårvêret. Nytt av 2019 er eit utvida festivalområde med to telt - vi gler oss til å vise dykk!

Frivillige studentar ved Høgskulen i Volda er drivkrafta bak festivalen, med god hjelp frå sponsorar og folket på Sunnmøre. Dokfilm er ein ideel festival med mykje sjel. Vi trur at vestlandsluft passar betre saman med dokumentarfilm, og vi vil at kvar og ein skal ha høve til å kome på festivalen vår. Difor har vi eit særs billeg festivalpass (200 kr) som alle kan ha råd til.

Vi er stolte av festivalen vår, og vi vil gjere så godt vi kan for at du skal trivast!

Festivalpass kjem snart!

Med festivalpass får du tilgang til 70 filmar, festar og mykje, mykje meir!