• Arrangement
  • | DokumenBar på Samfunnshuset
  • | 28. april 2017

Radiofrukost (i samarbeid med NRK)

Fredag og laurdag klokken ni vil det vere radiofrukost i samarbeid med NRK

Fredag: Fortell meg om Joar. Den 5. august i 1991 druknar ein 19 år gammel gutt i ei elv i Nordland. I åra som har gått sidan hendelsen har familien som mista ein son og ein bror, aldri snakka om det som skjedde. Før no. Regi av søstra i familien – Frid Kvalpskarmo Hansen.

Laurdag: Syrisk Symfoni (del 1). Mange syriske musikarar har flykta til Europa. Ildsjel og kontrabassist Raed Jazbeh har ein draum om å samle dei til eit eksil-orkester. Han finn gamle og nye syriske kolleger på flukt via Facebook. Dei samlast i Bremen i Tyskland for å grunnlegge eit symfoniorkester. Men dei manglar instrument, ressursar og organisasjon. Den tyske dirigenten Martin Lentz blir med for å hjelpe til. Han kan det tyske systemet. Orkesteret får raskt mykje oppmerksomheit og forespørslar om å holde konsertar. Men så oppstår ein bitter konflikt mellom den syriske idealisten og den tyske dirigenten. Begge vil ha kontroll over det syriske flyktningeorkesteret. Regi Cecilia Josefson.

This event will be held in Norwegian