• Seminar
  • | Samfunnshuset
  • | 27. april 2017

Kreative Søre Sunnmøre

Vestnorsk filmsenter inviterer bransjen, tilreisande og studentar til kreative timar i festivalteltet. Kreative Søre Sunnmøre er ein møteserie som har gått i over fem år. Kom og møt bransjefolk, slapp av, prat og hels på andre kreative menneske. På årets program står masterklasse med filmskaparane Are og Sturla Pilskog, som gjennom mange år har skapt vakre dokumentarar om samspelet mellom naturen og mennesket. I tillegg får me foredrag frå Zaradasht Ahmed frå filmen «Nowhere to hide» som vann kategorien for beste kinodokumentar på IDFA, verdas største dokumentarfilmfestival.