Folkefest + BarneDok


Arrangement | Paviljongparken // Rokken | 28. april 2018 12:00

På den årlege Folkefesten blir det aktivitetar for både store og små! Ansiktsmaling og sekkeløp er noko av moroa dei minste kan glede seg til. Det vil óg bli delt ut gratis vaflar, kaffe og anna til alle som møter opp. Festen vil finne stad i paviljongparken i sentrum av Volda lørdag 29. april frå kl. 12.00 -14.00. Vi gleder oss til ein heidundrande folkefest saman med deg, borna dine, vener, kjende og kjære. Vel møtt!

 

Dokumentarfilm er også for born! Etter Folkefesten på laurdag, inviterer me alle borna med på ei gratis filmsyning på Rokken kl. 14:00. Her vert dei barnevennlege dokumentarfilmane «Bølgen», «Flyt», «Endelig meg selv» og «Line» synt, desse filmane er for både voksne og born i alle aldre. Mogelegheita for ei overrasking til borna etter filmen er stor!