• Director: Jannicke Mikkelsen
  • Producer: Miracle og Eagle Rock Films Production, Universal Music Group
  • Year: 2016
  • Country: Norway/UK
  • Runtime: 15 min
  • Arrangement
  • | Konferanserommet på Rokken
  • | 28. april 2017

DokFabrikken: VR The Champions

I år har me spikra saman det splitter nye konseptet DokFabrikken! Der kan du sjå dokumentarar i VR (Virtual Reality). Med VR-briller og headset blir du teke med inn i ei unik røyndom filma i 360. Me syner «VR The Champions», og kanskje kjem det fleire overraskingar. Fabrikken er open mellom 16.00 og 19.00 fredag og laurdag.

VR The Champions er tittelen på QUEEN + Adam Lambert sin første live-konsert i Virtual Reality. Denne unike VR-filmen gir sjåaren ei konsertoppleving utanom det vanlege. Den er filma i flygande 3D-360, og tek deg med på ei uforglemmeleg reise svevande over publikum, og ved sida av bandet på hovedscena i Barcelona’s St. Jordi. Filmen gir deg ei komplett oppleving av røyndom, filma i 3D med ambisonisk lyd, for å gjere konserten enda meir virutell enn du kan forestille deg.

Bak prosjektet:

QUEEN og Adam Lambert.
Initiativtaker: Gitarist Brian May. 
Norske selskap involvert i produksjonen:
VR Camera software: VeloxIT
VR Player: Makingview