• Arrangement
  • | Samfunnshuset
  • | 27. april 2017

DocLounge Volda presenterer: Raving Iran

Doc Lounge Volda inviterer til syning av Raving Iran, ein film om dei to DJ’ane Anoosh og Arash som held til på Teherans undergrunns techno-scene. Sjølv om dei er lei av å gøyme seg for politiet, prøvar dei likevel å selge sitt ulovlege musikkalbum. Men så vert Anoosh arrestert. Sjekk facebook.com/docloungevolda for detaljar. Me varmar opp teltet i forkant, men ta med deg skikkeleg tøy for å halde varmen i kroppen.

Etter syninga svingar me med tryllestava og gjer om Teltet til vår eigen undergrunnsklubb. Da er det tid for Raving Volda!