• Seminar
  • | Samfunnshuset
  • | 26. april 2017

Festivalopning

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen ynskjer velkomen til den 21. festivalen i rekka. Som underhaldning og musikalsk innslag har me fått med oss jazzbandet The Mordis of Invention.

I år syner me to opningsfilmar: Farvel til asfalten av Ida Marie Pettersen og Bølger av Stefan Witts. I Farvel til asfalten blir me kjent med elevane på Frankmotunet, som kjempar ein dagleg kamp om eit rusfritt liv. Filmen er ei historie om venskap, håp og draumar, der naturen står sentral som arena for utvikling.

I Bølger møter me Sunniva som har gått bort frå draumen om å vere dansar på fulltid, og forsøkjer heller å vere den danseinstruktøren ho sjølv aldri hadde. I eit samfunn med eit stadig mål om å vere best, tek filmen sittutgangspunkt i ein alminneleg bergensar, som fokuserer på gleda i det ho gjer.

Regissør Ida Marie Pettersen er til stades på opninga, og vil snakke om filmen etter syninga.

Etter festivalopninga sparkar me i gang festivalstemninga med DJ Yung Ched Teigen i teltet. Her vert det chill lounge med ei god blanding av hip hop og semi-house. Dans, le og kjenn kjærleikens brus i kroppen!