DokTalent


Me inviterer unge filmtalenter til dyst i Volda under Den Norske Dokumentarfestivalen og DokTalent. Den årlege kortfilmkonkurransen for elevar ved vidaregåande- og folkehøgskule vil foregå onsdag 25. april.

Konkurransen gjev elevane høve til å ta sine fyrste steg inn i rolla som samfunnskritiske filmskaparar. Me ynskjer eit ope tema for konkurransen og vil ha filmar som tek for seg temaet «psykisk helse». Psykiske helse er eit bredt tema, og vi ønskjer at ungdommen har moglegheit til å fortelje historier kring eit tema som kanskje er litt vanskelig og tabu å snakke om i kvardagen.

Ti filmar vert plukka ut og vist fram under festivalen, onsdag 25. april. Framsyninga vil vere open for alle, og me håpar at mange klassar vil ta turen både for å oppleve talentfilmane og ein framifrå og lærerik filmfestival. Ein jury, med høg fagleg kompetanse, vil her kåra vinnaren av DokTalent 2017.

Elevane bak vinnarfilmen vert premiert (meir info om premien kjem seinare). Frist for innsending til konkurransen er 25. mars 2017.

Filmen kan leverast digitalt eller per post, hugs å merke filmen med navn, skule og alder på dei som har vore med å laga filmen. Du kan få lenke til å laste opp filmen viss du sender epost til nestleiar.

 

Ynskjer de å levere per post, send ein DVD til:

Høgskulen i Volda v/Den Norske Dokumentarfilmfestivalen

Merk: «DokTalent»

Postboks 500 6101 VOLDA

 

Har de spørsmål som gjeld konkurransen eller festivalen, ta berre kontakt med nestleiar Martin Lauvsnes Oddekalv.

E-post: nestleiar@dokfilm.no

Informasjon om filmen:

Tittel

Regissør

Skole (valgfritt)

Produksjonsår

Visningsspråk

Undertekster

Lengde

Infotekst (hva handler filmen om)

Vedrørende filmen

Lenke til filmen (youtube, vimeo e.l.)

Eventuelt passord til filmen:

Bilde til filmen (last opp fil)

Kontaktinformasjon

Navn på ansvarleg kontaktperson (lærer eller produsent)

Telefon

E-post

Kommentar