Vinnarane av Dokfilm 2016!

23. april 2016

Laurdag kveld, den 23. april blei årets Dokfilmvinnarar kåra.

Fire prisar skulle delast ut for 20-års jubileet under Dokumentarfilm-festivalen 2016.

Prisen for beste dokumentarfilm gjekk til ein film dommarane meinte var sterk, ærleg og viktig.

Gullflugeprisen gjekk til «Pøbler» av regissør Kari Anne Moe. Det er ein film om menneske som ynskjer å forandre seg og som deltar på eit kurs for å få orden på livet sitt.

Ildflugeprisen er prisen for beste korte/mellomlange film og går til «Cellist», regissert av Sindre Kinnerød og Audun Fjeldheim. Her blir publikum med inn i karakteren sin verd ved hjelp av et romantisert portrett om livet hennar. Juryen grunnar valet ved å vektlegge eit høgt kunstnerisk nivå og er ein nyting for det store lerretet.

Prisen for beste studentfilm kaster lys på eit viktig tema der det fortsatt er knytta mykje fordommar til. Nymfeprisen går til «Tung jakke» av Livirén Bratterud. Filmen handlar om åleinepappa Jonas som lid av bipolar 2. Filmskaparen har evna til å fortelje historia på ein imponerande måte med ein modig hovudkarakter, meiner juryen.

Siste prisen, Publikumsprisen blei bestemt av sjåarane ved hjelp av stemmesetlar etter kvar vising. Den filmen med flest høgast terningkast gjekk av med sigaren. Prisen gjekk til «Mannen frå Snåsa», av regissør Margreth Olin, som er ein film om tydinga av håp i menneskelivet.