Kampen mot monstermastene

23. april 2016

Kampen om fjordane handlar om demonstrasjonane mot monstermastene som skulle komme opp i Hardanger. For kvinna bak filmen, Vigdis Nielsen, har det vore ei lang ferd frå start til slutt.

Tekst: Katrine Nordeide Kuiper og Tonje Hareland / Foto: Katrine Nordeide Kuiper

– Når du skal lage ein film skal du utvikle den, skrive den og du skal ha pengar i byrjinga. Det hadde ikkje eg, men eg hadde ein idé, noko eg brann for og som forundra meg undervegs, fortel Vigdis Nielsen om «protestdokumentaren» Kampen om fjordane.

Hardangerfilmen opna onsdag den 20. utgåva av Den Norske Dokumentarfilmfestival i Volda. Både filmskapar Vigdis Nielsen og hovudrolla i “Kampen om Fjordane”, aksjonisten Synnøve Kvamme, var tilstades for å introdusere filmen og svare på spørsmål etter visinga.

– Eg er opprinneleg frå Hardanger. Heilt frå då eg var lita og gjekk på tur med bestefar har eg vore veldig knytt til fjella. Då eg høyrte om kva Statnett skulle gjere i heimbygda mi vart eg forundra og sint, og tenkte at eg kunne bidra med å lage ein film for å stoppe dei, fortalte Nielsen til den fulle salen.

Også Kvamme delte si oppleving av saka med publikum.

For min del begynte det som ei veldig personlig sak. Eg var 14 år då eg fyst fekk høyre om planane til Statnett. Eg voks opp i ei lita bygd i Hardanger og foreldra mine tok meg med på fjorden og fjella heilt sidan før eg kunne gå. Eg tenkte aldri at dette skulle skje, det var snakk om ni mil med urørt hardangernatur, fjell- og fjordlandskap! Og det var ein slik unison motstand i heile Hordaland, frå fjortenåringar til nittiåringar, at eg var sikker på at det aldri ville skje.

– Når du skal lage ein film skal du utvikle den, skrive den og du skal ha pengar i byrjinga. Det hadde ikkje eg, men eg hadde ein idé, noko eg brann for og som forundra meg undervegs, fortel Vigdis Nielsen om «protestdokumentaren» Kampen om fjordane.

20160420_Dokfilmfestival_KristianKapelrud_006_LQ

Hardangerfilmen opna igår den 20. utgåva av Den Norske Dokumentarfilmfestival i Volda. Både filmskapar Vigdis Nielsen og hovudrolla i “Kampen om Fjordane”, aksjonisten Synnøve Kvamme, var tilstades for å introdusere filmen og svare på spørsmål etter visinga.

– Eg er opprinneleg frå Hardanger. Heilt frå då eg var lita og gjekk på tur med bestefar har eg vore veldig knytt til fjella. Då eg høyrte om kva Statnett skulle gjere i heimbygda mi vart eg forundra og sint, og tenkte at eg kunne bidra med å lage ein film for å stoppe dei, fortalte Nielsen til den fulle salen.

Også Kvamme delte si oppleving av saka med publikum.

For min del begynte det som ei veldig personlig sak. Eg var 14 år då eg fyst fekk høyre om planane til Statnett. Eg voks opp i ei lita bygd i Hardanger og foreldra mine tok meg med på fjorden og fjella heilt sidan før eg kunne gå. Eg tenkte aldri at dette skulle skje, det var snakk om ni mil med urørt hardangernatur, fjell- og fjordlandskap! Og det var ein slik unison motstand i heile Hordaland, frå fjortenåringar til nittiåringar, at eg var sikker på at det aldri ville skje.

Regissør Vigdis Nielsen

Regissør Vigdis Nielsen

Aktuell kamp om fjordar

I 2008 søkte Statnett løyve om å byggje ei ni mil lang kraftlinje som skulle gå gjennom Hardangerfjorden. At linja skulle gå gjennom ein av Noregs nasjonalskattar blei et omdiskutert tema, og splitta lokalbefolkninga og staten. Dette er kjernen i dokumentarfilmen “Kampen om fjordane”.

– Då eg starta å filme var temaet veldig aktuelt i det norske samfunn, og slik var det ikkje når vi var ferdig. Det var jo fleire som lurte på kvifor eg fortsette med å lage filmen når slaget var tapt og det kjente eg mykje på. Men nå i ettertid ser eg at filmen har fått ein heilt anna meining på grunn av det som skjer i Førdefjorden, Fosen og Lofoten. Du ser likskapstrekk med nyare naturnvernkonflikter. Mitt vetle bidrag til den forsettande konflikten er at eg endra namnet frå “Kampen om Hardanger” til “Kampen om fjordane”. I tillegg jobba vi mye med lyddesignet slik at filmen skulle vera meir tidlaus. Om filmen vekkjar engasjement blant ungdommar for å kjempe for sine fjordar, så tenkjar eg at vi vinn likevel.

– Ikkje objektiv

Iførd kjole med hardangermotiv som var sydd om frå dei tidligare aksjonist-t-skjortene, var det tydeleg at også filmskaparen hadde latt seg engasjere i kampen mot monstermastene.

– Eg har tenkt tanken at eg burde gjere det til ein enda meir personleg film, men det er eg glad for at eg ikkje gjorde. Synnøve er ein mykje betre karakter enn eg er, og eg følte at aksjonistane var sterkare med meg og kameraet mitt tilstades.

Som filmskapar var det strevsamt for Nielsen å få Statnett til å samarbeide.

– Sjølv om det nok ikkje er ein objektiv film, ynskja eg å ha sjefane Statnett med i filmen. Men det ville dei ikkje. Dei prøvde fleire gonger å forhindra meg frå å filme, medan resten av media kunne snakke med Statnett utan problemar.

Maktkampen mellom både Nielsen og Statnett, og ikkje minst aksjonistane og grunneigarane, førte til at filmen fekk eit litt annleis fokus enn det som var planlagt.

Eg har studert administrasjon og organisasjonsvitskap på universitetet tidligare, så i filmen tenkte eg mykje på maktstrukturar og korleis makt fungerer. Det starta som ein film om naturvern, med spenninga om “klarar vi å redde naturen eller ikkje?”, og håper eg endte opp med å avsløre ein større mekanisme, om samfunnet og korleis det faktisk fungerer. Det blei ein film om demokrati.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

– Eg har tenkt tanken at eg burde gjere det til ein enda meir personleg film, men det er eg glad for at eg ikkje gjorde. Synnøve (til høyre) er ein mykje betre karakter enn eg er.

Lite pengar

Heilt ifrå starten var “Kampen om fjordane” eit krevjande prosjekt å jobbe med.

– Eg gjorde alt feil frå starten av. Når du skal lage ein film skal du utvikle den, skrive den og du skal ha pengar i byrjinga. Det hadde ikkje eg, men eg hadde ein idé, noko eg brann for og som forundra meg undervegs.

Vidare poengterte Nielsen fleire gonger for publikum at den finansielle delen førte til utfordringar i sjølve filminga.

Eg klarte å skaffe litt pengar til utvikling og filme det eg trudde berre skulle vere til research. Etterkvart fekk eg med Vestnorsk og Filmkraft. Frå byrjinga sprang eg etter, fyst vedtaksprosessen og så aksjonistane som gjekk i fjella. Eg visste at eg måtte dekke dagleglivet til bøndene, stølane, årstidene og generasjonane som hadde vore der i hundrevis av år. Eg måtte bruke ulike fotografer, det var unge menn som ikkje var spreke nok til å komme seg til fjells for å filme. Dei “gamle” var faktisk sprekare. Difor måtte eg filme litt sjølv, og mesteparten av lyden tok eg også opp. Men det som var krevjande for filminga var at vi visste jo ikkje alltid kor politiet kom, kor statnett kom, kor aksjonistane skulle ver. Noko av det har jo dei til og med filma sjølv.

Mot slutten av prosjektet kunne ho planlegge meir, og ho visste at ho var nøydd til å ha ein rettssak for å sikre ein god avslutning på dokumentaren.

Trenger ein pause

Ifølgje Nielsen er denne kampen viktig for Noreg, då ho er fortvila over at det nesten ikkje er att noko urørt natur i Noreg lenger. Filmskaparen fortel at ho trudde at dei verkeleg kunne vinne denne kampen.

Det som er kjerna i dokumentaren er at viss du vil redde verden, må du ta vare på det som er nært deg.

Kva som blir planane framover har ikkje Nielsen heilt kontroll over enda, men er klar på at ho vil jobbe med eit anna tema, gjerne med barn og unge som ho har gjort før.

Eg har blitt både sliten og blakk av å laga denne filmen, så eg har lurt på om eg orka å fortsette å lage film. Nå med den gode responsen får eg kanskje lyst til å lage fleire filmar i framtida, men eg kjem nok ikkje til å gå inn i ein ny politisk strid.