Det folkekjære syskenparet tilbake på skjermen

23. april 2016

For regissør Fimland har det vore viktig å fange dei små augneblink i kvardagen når syskenparet Kleiva skal over Atlanterhavet og på nye eventyr.

Tekst av: Katrine Nordeide Kuiper og Tonje Hareland / Foto: Kristian Kapelrud

Fredag vart «Søsken til evig tid – Amerikareisa» synt fram for festivalpublikummet i Volda. Det var ein lattermild sal som humra med når Magnar og Oddny tok turen til slektningane sine i Minnesota.

Filmregissør Frode Fimland, som sjølv har studert i Volda, uttrykte glede over å vere tilbake i bygda med ein film å vise.

Det var veldig hyggelig å få vere i salen saman med dykk. Eg tykte dykk lo på dei riktige plassane i filmen.

Frode Fimland heldt Masterklasse etter framsyninga.

Frode Fimland heldt Masterklasse etter framsyninga.

Roleg tempo

For Fimland ble det ein brå overgang då han skulle lage den fyste dokumentaren om syskenparet Oddny og Magnar på Kleiva. Frå å vere vant til å filme situasjonar kor det stadig er action, til å filme i rolege omgivnader på ei lita gard.

Viss dokumentarfilmen skulle få fram liva til Oddny og Magnar måtte vi skildre roen i livet deira. Vi ville vektlegge dei gode historiene og dei små detaljane i kvardagen. Eg måtte jobbe på ein heilt anna måte enn det eg var vant til, fortel Fimland.

Fimland som sjølv kjem frå Naustdal, huskar godt Magnar frå då han var liten. Magnar, som jobba som slaktar i bygda, og resten av familien levde eit enkelt liv på den lille garden på Kleiva. I 2010 bestemte Fimland seg for å kontakte syskenparet om å lage ein dokumentar om dei.

Når eg filma til fyste filmen forsto eg etterkvart at Magnar og Oddny trudde eg tok stillbilete av dei, og eg brukte lang tid på å forklare dei kva eg eigentleg heldt på med. Eg visste at eg måtte bruke tida til å komme nær dei, men det er også derfor det gjekk mindre tid på å lage “Amerikareisa”. Begge var mykje meir vand med kamera denne gongen.

Medan “Søsken til evig tid” tok heile tre år å lage, var “Amerikareisa” ferdigstilt på seks månader.

Eg ser på det som to forskjellige filmar og samanliknar dei ikkje i det heile tatt. Rytmen, forma og forteljemåten er annleis, men ein likskap er at eg var veldig oppteken av dei små detaljane i begge filmane.

Særleg trekk han frem augeblikka kor forholdet mellom syskena kjem fram som viktige for å få reaksjonar hos publikum. Kanskje er det nettopp dette som gjer syskenparet så folkekjære meiner Fimland.

Reisa til Amerika

Medan Fimland filma den fyste filmen kom det amerikansk besøk til garden på Kleiva. Det var fjerne slektningar frå Amerika som ville finne tilbake til dei gamle norske opphava sine og sjå garden bestemora deira var frå. Dei opplevde at garden ikkje hadde forandra seg så mykje, kanskje nettopp fordi Magnar og Oddny lev eit så enkelt liv.

Slektningane inviterte Magnar og Oddny på besøk til Minnesota, men som sunnfjording veit eg at det tar noken år før du bestemmer seg. Det gjorde det også nå, men når dei fyst bestemte seg var dei fast bestemte på å gjennomføre dette, seier Fimland.

Eika som har ein dominerande rolle i den fyste filmen er også med i oppfølgjaren. Då Magnar får høyre at han eine slektningen dei skal besøke også har ein stor eik på garden sin, kjenner han på konkurranseinstinktet sitt. Fimland fortel at Magnar var genuint interessert i å vite om alt faktisk er større i USA.

Eit fullt festivaltelt høyrde på kva den erfarne filmskaparen hadde å seie.

Eit fullt festivaltelt høyrde på kva den erfarne filmskaparen hadde å seie.

Aktive på Facebook

På Facebook har “Søsken til evig tid” godt over 50 000 likes. Dei tilhengjarane har teamet jobba hardt for å opparbeide gjennom dei siste åra. Fimland trur at måten dei har brukt sosiale media har hjelpt å vise filmselskap kor stor interesse det er for temaet.

Vi bruker Facebook aktivt ved å legge ut nye bilete og videosnuttar av kva Magnar og Oddny gjer. Eg opplever at folk hele tida er interessert i kva syskena driv på med, forklarer Fimland om Facebook-suksessen.

I etterkant av filmane er Fimland framleis i kontakt syskena og som ein kan sjå på Facebook-sida deira.

Det var spesielt eit bilete kor vi fekk mange likes på, då eg hjalp Magnar med å kutte opp bjørk på garden deira. Slike bilete er med på å halde interessa til folket oppe.

Måten Fimland og kollegaene har marknadsført filmane på har blitt så mykje omtalt at dei held seminar om korleis nå ut til publikum gjennom sosiale media.