FLYT – Ein heider til Sunnmøre


På under seks minutt tek filmen FLYT oss med over dei vakre Sunnmørsalpane og den berusande Geirangerfjorden, og minner oss på at livet er meir enn berre tid og stad. Ein flyt gjennom det. Filmen kan beskrivast som meir ein «konseptfilm» enn ein dokumentar, kvar regissøren Matias Myklebust og produsenten Hallstein D. Mala har valt å fortelje ei historie gjennom estetiske og ekte klipp.

Av Karoline Haugland

– Ei god historie må «backes» av gode bilete, fortel Myklebust.

– Og vi har alltid eit mål om å lage fine ting, og å lage det så bra som mogleg, legg Mala til.

Sjølv om filmen ikkje har ein tydeleg “storyline”, kjem solskinnshistoria fram i dei idylliske omgivnadane fanga av kameraet, og sportsentusiastane Magnus og Eirin sine hjartevarme beskrivingar av det dei gjer. Målet var å kunne dokumentere gleda av å vere i beveging i nærmiljøet. Varierande klipp av surfing i brusande bølgjer og “snowboarding” i majestetiske fjelltoppar, gir eit innblikk i livsstilen dei to gutane har forsøkt, og lykkast med, å fange på kamera.

I flytsona
– Hovudidéen var å følgje Magnus og Eirin medan dei surfa, skata, og snowboarda, men vi fanga i staden heile filosofien rundt det. Det er nettopp det tittelen kjem frå, begrepet «flow», som på norsk vert flyt. Det handlar om å vere tilstades der ein er, prøve og feile, men kose seg uansett. Det er ein livsstil, berre det å flyte, og nyte nærværet der og då, fortel dei.

Myklebust og Mala jobba saman med ein kortfilm tidlegare, og fant ut at dei trivdes så godt med å jobbe saman at dei starta produksjonsselskapet «Ranglefant». Begge to studerar Medieproduksjon ved Høgskulen i Volda, og har etter kvart latt naturskjønne Sunnmøre kapre deira hjarter.

Fødd med ski på beina
– Det er fjell, fin natur, og moglegheit for å studere. Alt på same stad, seier Myklebust engasjert.

Mala legg til at dei begge er både født og oppvaksen med ski på beina, og at det er fantastisk å kunne samle alt på ein stad. Spesielt når dei også kan ta med seg kameraet på tur. Å kunne produsere ein film ut i frå klipp som er tatt medan dei har det gøy med vener er fantastisk, og det gjer alt mykje gøyare, i følgje dei sjølv.

FLYT er i utgangspunktet basert på overskotsklipp til ein noko lengre skidokumentar dei har laga. Dokumentarfilmen «Mellom bakkar og berg» har premiere 6. september på Rokken, og tek eit djupare dykk inn i livsstilen som omhandlar ski, snø, og vakker natur. Produsent Halstein D. Mala og regissør Mathias Myklebust