Dokfilm på TV2!

23. april 2016

TV2 sendte direkte frå Dokfilm i 20:00 sendinga på TV2 Nyhetskanalen.

Emilie Beck er studentfilmskapar frå Høgskolen i Lillehammer, og hadde film for fyrste gong på festivaler. Heile to av hennar filmar vert synt fram på festivalen, Bare Marius og Det kommer båter.

Ho vart intervjua av Dyveke Buanes frå studio i Bergen, og det kjende TV-ankeret har sjølv vore på Dokfilm heilt i starten! Studentar frå Høgskulen i Volda stod for foto, og sørgde for at me kom på lufta. Sjå innslaget på TV2-Sumo.