Bestemødre diggar gatekunst

25. april 2016

Eirik Skaufjord og Olve Aslaksen frå Westerdals har regien på filmen om nokre særleg kreative bestemødre. Sjå intervju!

Det portugisiske samfunnet er i ferd med å eldast raskt, men dei eldre er framleis ei nedprioritert gruppe, som i resten av den vestlege verda. Lara Seixo Rodrigues er ein gatekunstprodusent med ein fargerik ide om kva som må gjerast.  Dei eldre tek nemleg kunsten sin ut i gatene.